|
Heisann!
TORSDAG 30. OKTOBER VERT DET ARRANGERT DØR-TIL-DØR-AKSJON FOR Å SAMLE INN
DEI SISTE 300.000 KR TIL KUNSTGRASBANA PÅ SANDE.
BAKGRUNN
Som de kanskje veit, hadde vi ekstraordniært årsmøte i Gaular IL 16/10, der
finansieringsplanen til kunstgrasbana på Sande stadion stod på agendaen. Det
vart arrangert eit drøftingsmøte etter årsmøtet, der vi bestemte oss for å
ha dør-til-dør-aksjon for å skaffe til veie dei resterande pengane for å få
prosjektet i boks.
PROSJEKTET
Anlegget vil leggje til rette for allsidig aktivitet - både organisert og
uorganisert. I første byggjetrinn vil ein leggje kunstgras der det i dag er
grusbane, men planane er å vidareutvikle området rundt til andre
aktivitetar, samt å gjere det meir publikumsvennleg.
STATUS
Av totalkostnaden på nesten 4 millionar - manglar vi no litt over 300.000
kr.
Jølster og Naustdal har begge samla inn tilsvarande beløp frå privatpersonar
til sine kunstgrasbaner - så vi ser dette som svært realistisk også i
Gaular.
MEN det krev innsats - for vi veit og at dei fekk private enkeltbidrag på
opp i 30.000 kr, og slike gåver gjer sjølvsagt mykje.
OG - vi må ha fått inn dei 300.000 kr INNAN 15. november - dersom det skal
bli kunstgrasbane i Gaular neste år (mai 2009)
FOR - vi har fått eit tilbod som berre gjeld til 1. desember - og heile
finansieringa vår er avhengig av dette tilbodet. Derfor må vi i tida frå
15/11 til 1/12 få oversikt over om vi har nok pengar til å seie ja til
tilbodet - og dermed JA TIL KUNSTGRAS I 2009.
DERSOM vi ikkje greier dette no - vil det bli svært lenge til neste
moglegheit - FORDI vi no er komne i posisjon øvst til å få midlar frå
Sparebanken (ca 400.000 kr) OG vi er i posisjon hos Fylkeskommunen OG vi har
fått garantiar frå mellom anna Gaular kommune - SOM gjer oss rusta til å
greie gjennomføre prosjektet i 2009 - VISST vi kjem I MÅL denne
INNSAMLINGSAKSJONEN!!!
Vi håpar spelarar, foreldre, trenarar, oppmenn og alle andre interesserte
stiller opp TORSDAG 30. OKTOBER for å ta eit skikkeleg taK
- OG AT GIVERGLEDA I KOMMUNEN ER STOR!!!
Helsing Gaular Idrettslag
v/Terese Myklebust
Mandag, 27.oktober 2008
|