Gaular

Velkommen til Gaular IL - Fotballgruppa!                                                                                                                            


  

 

    Beautiful Sunsets    Ten steps to the beach       Salty Dog      

Ekstraordinært årsmøte

Torsdag 16. oktober blir det holdt ekstraordinært årsmøte i Gaular IL. Sak for møtet er Spelemiddelsøknad til kunstgrasbane på Sande stadion..

Idrettslaget har jobba med saka i 2-3 års tid og den har vore drøfta på årsmøte tidlegare, der medlemmane har stilt seg positive til prosjektet.

Våren 2008 fekk vi ei prosjektgruppe til å setje inn det store støtet for å få prosjektet realisert. Ein av dei avgjerande faktorane er å få levert fullstendig søknad om spelemidlar til fylkeskommunen. Eit av krava til søknaden, er finansieringsplan for prosjektet.

Prosjektgruppa jobbar for fullt med å få sponsorar og gåver til kunstgrasbana. Per i dag mangar ein omlag 6-700.000 kr til eit anlegg som har eit budsjett på 4 millionar. Utifrå erfaringar frå andre likande prosjekt i andre kommunar, er det svært realistisk å få inn eit slikt beløp til eit slikt prosjekt.

MEN i spelemiddelsøknaden som vi må levere til kommunen i slutten av oktober, MÅ kvar sponsor/gåve o.l. vere dokumentert. Alternativet er at nokon stiller garanti for beløpet.

Årsmøtet til idrettslaget må derfor ta stilling til om Gaular IL skal stille med denne garantien. Ein slik garanti er avgjerande for at prosjektet kan realiserast. Det er ikkje dermed sagt at idrettslaget skal betale ut dette beløpet, men at ein må sørgje for at kapitalen er komen inn før ein kan starte byggjinga av anlegget.

Spelemiddelsøknaden er altså ein nøkkel til kunstgrasbana. Mange andre viktige faktorar er allereie ordna, som t.d. at kommunen forskotterer spelemidlane til vi kjem i posisjon hos fylkeskommunen (6-7 års ventetid).

Eit grundig og godt arbeid er gjennomført for å få dette til - TAKK til prosjektgruppa. No er det opp til medlemmane i Gaular IL å møte på årsmøtet, uttale seg og avgjere. OG om alt går etter planen - MØTE TIL DUGNAD!


18 September 2008: 13:29


Gaular IL