Gaular

Velkommen til Gaular IL - Fotballgruppa!                                                                                                                            


  

 

    Beautiful Sunsets    Ten steps to the beach       Salty Dog      

Kaupanger - Gaular

Kaupanger – Gaular IL: 0-2

Det var søndagsmorgon, Gaular spelarane reiste kl 12 ifrå Sande City. Svein Arne måtte ringe seg i hel for å skaffe nok folk, Ruben vart som normalt henta rett før avreise. Vi klarte å samle 11 mann, Johan låg heime med feber, dei andre var vell fyllesjuke.

Laget:

                     Emil

Frank – Tommy – Svein Arne – Ruben

        Petter – Vetle – Pk – Kjetil

                Jørgen – Stig

Petter scora det første målet men pannebrasken etter 30min (ca). Ein kunne merke at det var søndagskamp, mange pasninga som normalt sitte, sat ikkje i det heile tatt i dag. Vi måtte jobbe hardt for poenga. Vi var greie i første omgang, kaupanger gav oss store rom å spele i, det burde vi utnytta betre. 2 omgang var det kaupanger som styre, vi hadde nok med å jage ball. På slutten fekk Stig ballen inne i 16m, der vendte han opp og klinka den i mål, VIKTIG mål! Dermed sto det 2-0, dette resultatet haldt vi heilt inn.

Emil som vart med som målmann denne kampen, varta opp med 2 viktige inngrep. Først hadde han ein nydelig beinparade, seinare måka han ned ein kaupanger spelar som var på vei igjennom. Han vart riktig nokk utvist, men gjorde det einaste riktige.

Alt i alt, ein bra innsats på ein middelmodig dag. Forsvaret var glimrande i dag!

Det var 3 plass på oss i år, 2 poeng bak serievinnar Veitastrond. Hadde vi vunne med ein ”skikkelig” keeper i år? Trur det;)

 


Gaular IL